No har rettsaka starta

Døydde i fengsel

Kokainbeslaget fann stad 13. april i fjor på Husnes. Det er det største som er gjort på Vestlandet, og var eit av fleire større kokainbeslag i Noreg i 2023.

No er fire menn og ei kvinne tiltalte i saka. Den sjette personen som vart arrestert, døydde i fengsel. Saka mot han er lagd bort.

Frammøtet av politiet er stort

Alle fem er varetektsfengsla i saka, så frammøtet av politiet er stort. Dei fem møter i retten med kvar sin forsvarar og to politibetjentar kvar, skriv avisa tv2.no.

- Mann (46): Nektar straffskuld.

– Kvinne (33): Nektar straffskuld.

- Mann (26): Erkjenner delvis straffskuld. Trudde han skulle hente hasj, ikkje kokain.

- Mann (27): Nektar straffskuld. Erkjenner å ha vore med, men var utan kunnskap om det som vart henta.

- Mann (30): Erkjenner straffskuld.

Saka går for Hordaland tingrett frå 7. mai og det er sett av minst 10 dagar.