Klokka 07.58 torsdag melder politiet om ei trafikkulukke på E39 ved Langeland.

– Mannskap frå Leirvik stasjon rykker ut, skriv 110-Sør-Vest på X.

Klokka 08.20 fortel operasjonsleiar Thomas Norvik i Sør-Vest politidistrikt til Haugesunds Avis at det er to bilar som har vore involvert i ulukka.

– Det dreier seg om påkøyring bakfrå. Éin person klagar over smerter i nakkeregionen, seier han.

Ambulanse var på staden og sjekka dei involverte.

Vegen var midlertidig stengt, men opna for trafikk klokka 08.50.