Unge vaksne på Bømlo har fått eit lite triveleg stempel på seg som råkøyrarar, etter mange medieoppslag.

For få veker sidan vart politiet gjort kjend med eit videoklipp som synte køyring i 219 kilometer i timen på Bømlo, rett før den 18 år gamle føraren kolliderte. Til alt hell kom dei frå det utan store store personskader.

Seint onsdag kveld og natt til torsdag patruljerte UP fleire strekningar langs Bremnesvegen.

Her avdekkja dei fleire unge fartssyndarar, om enn ikkje like dryge som tilfellet nemnd overfor. Tre av dei som blei stoppa må likevel erkjenna at det ikkje blir noko meir køyring på ei god stund.

– I løpet a tre timar var det tre unge menn som blei fråtekne førarkortet på grunn av høg hastigheit. Høgaste målte hastigheit var 131 kilometer i timen i 80-sona.