Av: 18 organisasjonar og velforeningar i Sagvåg og Litlabø (sjå namna nedst i saka)

Plan for skulestruktur og skuleanlegg vil gi store negative inngrep og konsekvensar for barna sitt beste. Endring av skulekrinsen vil gi negative konsekvensar for barna når det gjeld mellom anna skuleveg og skulemiljø.

Planen har ikkje tatt med seg alle moment når det gjeld folkeauke/tal barn og byutvikling. Det gjer at ei lita økonomisk innsparing kan vise seg å gi økonomisk tap.

Barnet sitt beste

Barna sine menneskerettar i barnekonvensjonen skal gjennomsyre alle slutningar og all offentleg verksemd som vedkjem barn og unge.

Kommunen er forplikta av barnekonvensjonen og denne gir barn rett til å verta høyrd i saker som gjeld dei. Rettane i barnekonvensjonen er nedfelt i Menneskerettslova og i Grunnlova, og står difor over andre lover.

Slik me oppfattar kapittelet i saksutgreiinga om barnet sitt beste, er det ramsa opp generelle utsegn om korleis barn kan oppleva å byta skule og kva kommunen kan bidra med. Desse utsegna tek ikkje omsyn til dei enkelte barna dette vedtaket vil råka.

Bør få god tid

Me meiner kommunen bør gje barn og familiar god tid til å setja seg inn i konsekvensane av å mista skulen sin, eller hjelp til å leva med uvissa til saka er avgjort.

Dette vil og gjelda barna som går på skulane som eventuelt skal ta imot elevar frå Litlabø. Politikarane sit med eit stort ansvar som dei no skuflar over på skulane, føresette og andre vaksne.

I debatten om skulestorleik, vert det ofte hevda at store skular gir betre læringsmiljø enn dei små.

Dette blir grundig motsagt av fleire forskarar som mellom anna Rune Kvalsund og Karl Jan Solstad.

– Ikkje liten skule

Uavhengig av kva påverknad små skular gjer, vil det ikkje vera relevant i denne samanheng då

Litlabø skule med over 100 elevar ikkje er å rekna som ein liten skule. Skulestorleik vil derimot ha noko å sei når skulen ikkje har plass til dei elevane som har den som nærskule.

Ifølgje gjeldande skulebruksplan 2019-2027 går grensene for bydel Sagvåg og Litlabø frå Petarteig i nord, til nedre Litlabø i aust, Valvatna i sør og Høgåsen, Sagvåg og Jensanes i vest.

Den seier at dei tre skulane i bydelen skil seg ut i høve omland og lokalisering av skulane; skulane har eit mykje større omland og busetnaden er spreidd over eit større område enn på austsida av øya.

Lang skuleveg

Skulane er lagt til kvar sin utkant av bydelen. Tilrådinga i planen er at kommunen held fram med tre skular i bydelen mellom anna avdi svært mange elevar elles vil få lang skuleveg.

Barn har tilhøyrsle til den krinsen som er vedteken som forskrift. Dei har difor juridisk rett til å gå på skulen innan krinsgrensa dei høyrer til.

I forslaget i saka skal 17 Litlabø-elevar flyttast til nærskulen Sagvåg, som etter det vil ha 3 ledige plassar. 77 Litlabø-elevar skal flyttast til Tjødnalio,som vil få 14 ledige plassar.

Er kapasiteten på skulane reell på kvart trinn? Me meiner det manglar ei vurdering av kva kommunen vil gjera dersom det vert for mange elevar på desse skulane.

Me kan ikkje sjå at det er drøfta i saka og etterlyser at kommunen svarar på dette.

Farleg skuleveg

Forslag til nye skulekrinser tek ikkje omsyn til nærskuleprinsippet. I dette prinsippet skal det mellom anna bli tatt omsyn til farleg skuleveg når ein avgjer kva som er nærskule for barnet. Ved nye krinsgrenser vil mange barn frå Litlabø sokna til Tjødnalio.

Med fleire usikra vegkryssingar vil dette vera ein farlegare skuleveg enn til Sagvåg. Av den grunn vil fleire barn ha rett til å gå på Sagvåg skule enn det forslaget til nye skulekrinsar tar omsyn til.

Då vil ein komme i ein situasjon der ein ikkje har kapasitet på Sagvåg skule. Det vil ikkje berre skape negative økonomiske problem for kommunen.

Det vil og kunne føre til at barn som til no har gått på den eine skulen må byte skule på ny. Med små marginar på ledige plassar, vil ein innan få år måtte endre på krinsgrensene.

Dette betyr at endring av skulekrins vil ha negative konsekvensar for barn, føresette og familiar ved alle skulane i krinsen.

Uroa for skulemiljøet

Alle skular har sitt særskilte miljø. Det kan vera ei stor utfordring å setja saman nye store grupper og skapa eit nytt og inkluderande skulemiljø, særleg over store avstandar som den mellom Gruo og Tjødnalio.

Det er i tillegg fare for at elevar som har vore vener på Litlabø skule vert splitta. Me veit diverre at det er høge mobbetal i Stord kommune og er urolege for at desse tala med det kan verta høgare.

Me kan ikkje sjå at det er sett av ekstra midlar til å skape nytt og inkluderande skulemiljø.

Meir bilkøyring

For mange av elevane ved Litlabø skule, blir vegen til ny skule fire kilometer lang eller lenger.

Å satsa på at barna skal gå Banevegen er ikkje noko trygt alternativ per no: fleire stader manglar fotgjengarovergang der vegen må kryssast. Av erfaring, er me skeptiske til at Banevegen blir måka tidleg nok om morgonen. Me vil difor hevde at Banevegen ikkje kan nyttast som skuleveg.

Då vil fleire måtte gå langs bilvegen, som er lenger og vil med det gi fleire rett på gratis skuleskyss.

Uansett kjem ein større del barn til å bli køyrt til skulen. Det kjem til t.d. til å påverka kommunen sine mål om å redusera klimautslepp og mål i regional plan for folkehelse.

Mykje trafikk

Sjølv om barna får dekka skuleskyss av kommunen grunna den farlege skulevegen og avstanden, kjem det ikkje til å gjelda alle dei som nyttar SFO.

Det inneber igjen at mange av barna må hentast av foreldra i bil. Trafikktilhøva ved Tjødnalio skule er allereie uforsvarlege. Vegen har kun eitt køyrefelt og ein opplever ofte trafikkaos, særleg om morgonen.

Ein barnehage med plass til 42 barn nyttar òg vegen opp til skulen. Det er òg trafikkkaos ved innkøyringa til Tjødnalio frå Sagvågsvegen, der mange foreldre set av og hentar barna.

Vegen inn til Tjødnalio kan verta stengt av «hentebilane» og folk frå Tjødnalio må venta på tur. Ved Sagvågsvegen er det busstopp og mange barn. Her er fartsgrensa 60 km/t. Det køyrer 5600 bilar på denne vegen dagleg.

Det er i dag fleire farlege punkt i området og det vil bli forverra med enda fleire elevar som skal køyrast. Me forventar at det vert utarbeidd ein risiko- og sårbarhetsanalyse når det gjeld trafikktilhøva ved Tjødnalio.

Me har ingen barn å miste.

Innlegget er korta ned av Stord24.

Av: Idrettslaget Solid, Åkervikåsen Vel, Sagvåg Bygdalag, FAU Litlabø skule, Nysæterneset Vel, Hillarhaugen Vel, Venelaget for Gruo, Dale og Isdal Vel. Sagvåg Forum, Rødkleiv Vel, Valvatna Vel, Jensanesvegen Vel, Nysæter burettslag, Almås Vel, Sagvågen Kystlag, Hiljesgjerdet Vel, Mental helse Stord/Fitjar og Kappelen Vel.