Av: Liv-Jorunn Bjordal, Stord

Det blei sagt at kommunen var særs opptatt av gode overgangar, barns beste og tilsette sitt arbeidsmiljø.

Utan å legge inn forslag til endringsdato i dei ulike alternativa, har denne saka allereie skapt mykje bekymring. Det ligg dermed i "korta" at kommunen ynskjer endringar allereie frå hausten av.

Korleis er det barns beste at:

  • dei nye første klassingane ikkje veit kva skule dei skal byrje på. Halve gleden ned å byrje på skulen forsvinn.

  • eksisterende elevar ikkje veit kva skule dei skal starte på til hausten.

  • elevar som har kort tid igjen av barneskulen skal måtte bytte skule fleire gonger på kort tid, det blir ekstra sårbart når det ikkje vært tid til god relasjonsbygging mellom nye medelevar og tilsette.

  • at dei elevane m/foreldre som treng, og har brukt 1,5 år for å planlegge tidlegare overganger no får 3 veker til å planlegge overgang. Når man ikkje har ein garanti om at dagens ressursar blir med vidare.

  • gode eksisterande tiltak som er sett igang på enkelte trinn, blir skvist, og man må byrja på nytt med nye elevar og tilsette.

  • at vener og nabolag vert ufrivillig splitta til ulike skular.

  • utrygge skulevegar, infrastruktur ikkje er klart til skulestart.

Korleis skapar det eit godt arbeidsmiljø når:

  • tilsette ikkje veit kor dei har jobb til hausten

  • ikkje veit korleis kollegiet blir vidare.

  • når den "nye" arbeidsplassen ikkje er fysisk klar for å ta imot så mange "nye" tilsette.

  • skuleadministrasjonen får mykje ekstra jobb med å planlegge for ulike scenarioer for tilsette og elevar, som om det ikkje er nok jobb å planlegge for eit heilt ordinært skule år.

All honnør til dei tilsette som gjer ein fantastisk jobb under slike omstendigheter.